Ein eldre mann med framskriden demens kjem seg på uforklarleg vis ut og bort frå sjukeheimen der han bur. Han har mista språket, men den gamle krinsmeisteren i spydkast er enno fysisk sprek, og slik lett på foten.
Korleis kjem han seg ut? Har han ein hjelpar? Flyktar han frå noko eller nokon på heimen?
Lesaren får følgja han på rømmen – om det er på rømmen han er. Kanskje han heller er på leit etter noko han har mista? Noko han berre kan minnast gjennom små flenger i hukommelsen?
I 1975, for nøyaktig 50 år sidan, debuterte Per Jan Ingebrigtsen med samlinga «Rotbløyte», som var samansett av fleire ulike sjangrar.
Sidan har forfattaren gjeve ut barnebøker, romanar, diktsamlingar, skodespel, høyrespel, læreverk – og no, noveller. Ingebrigtsen har vore med i meir enn tjue antologiar og hatt songtekstar på mange plater.
Ingebrigtsen har i mange år undervist ved Stord vidaregåande skule i faga norsk, drama og samfunnsfag, og har stått bak fleire landsomfattande undervisningsprosjekt.