Me er i år 870 etter Kr. – nokre få år før Harald Hårfagre legg ut på erobringstoktet sitt. Den irske ungjenta, Rafarta, vert røva av vikingar og teken med på ferda mot den norske vestkysten. Etter å ha styrt gjennom eit ofseleg uvêr ute i Nordsjøen, legg eit skipsmannskap seg til ro på sørsida av Stord. Om natta maktar Rafarta å rømma frå skipet. Det vert opptakten til ei farleg og spanande flukt for å komma seg unna mannskapet, som tek opp jakta.
Per Jan Ingebrigtsen debuterte med diktsamlinga «Rotbløyte» i 1975 og har sidan skrive skodespel, høyrespel, diktsamlingar, romanar, barnebøker og læreverk. Fleire dikt og eitt skodespel er omsett til engelsk. Han har elles skrive tekstar til om lag 120 songar, mange av dei utgjevne på plate og strøyming. Ingebrigtsen fekk Stord kommune sin kulturpris i 2011.