Uendeleg mange kilometer. Forteljingane har blitt til på vandringar i inn- og utland. Ein forteljararv er vekt til live. I ei tid der digitale duppedingsar stel mykje merksemd, er det viktigare enn nokon gong med det levande ordet. Ei samling forteljingar til å le av, bli engasjert av, kjenne seg att i og til å tørke ei tåre av. Bli med på vandringa.
Jarl Wåge (1948), nordfjording i Stavanger. Tidlegare lærar, no forfattar, skribent, samfunnsdebattant, kåsør og forteljar. Vinnar av StorySLAM sin GrandSLAM finale på Rockefeller i 2016 og har sidan det turnert med fleire forteljarforestillingar. I 2021 gav han ut diktsamlinga Lappeteppe.